Håkon Armand Menzoni Johnsen (1914- ?)
Holbergs gt. 44

Håkon Armand Menzoni Johnsen var fødd 3.mars 1914 i Trondheim av foreldra maskinist Julius Wilhelm Johnsen og Lena Marie, f. Kjevik. Johnsen gjekk ut av Middelskolen i 1931, same året som han byrja å arbeide som lagerarbeidar ved NKL si manufakturavdeling i Trondheim. Ved sida av jobben fullførte han Arbeiderhøgskolen på Malmøya i 1935 og han tok handelsskoleeksamen i 1943. Johnsen vart gift i 1940 med Marit Bromstad, f. 8.september 1920.

Håkon Johnsen gjekk gradane i DNA. Frå 1932 og fram til krigen var han aktiv i Arbeidernes Ungdomslag i Trondheim, mellom anna eitt år som leiar, og i fylkesorganisasjonen. I 1938 vart han valt inn i Bystyret og han vart same året valt til viseformann i Trondheim forente Arbeiderparti. Desse verva tok han opp igjen i 1945.

I 1945 vart han valt inn på Stortinget for DNA frå kjøpstadane i Sør- og Nord-Trøndelag. Han sat på Stortinget heilt fram til 1973. I siste perioden på tinget var han president i Odelstinget. Han hadde også ein lang periode, 1953-70, som medlem i Nordisk Råd. Han hadde ei rad offentlege verv i nær 40 år etter krigen. Han var mellom anna medlem og formann i Den Norske Industribank i 30 år (1952-82) og formann for representantskapet ved Trøndelag Teater (1965-69).

Eit av dei siste verva han hadde var som formann i Rosenborg Arbeidersamfunn i åra 1975-83.

 

Kjelder:
Trond Nordby (red.), Storting og regjering 1945-1985, Oslo; Kunnskapsforlaget 1985.

Bjørn Steenstrup, Hvem er Hvem? 1968, Oslo; H. Aschehoug & Co 1968, s.287.