Harald H. Langhelle (1890-1942)
Holbergs gt. 25

Harald Langhelle var fødd i 1890 i Brudvik sokn i Dale ved Bergen. Han var eldste barnet av foreldra Hans og Laura Langhelle. Faren var spinnar ved Dale fabrikkar og mora var heimearbeidande husmor. Familien budde i arbeidarbustadane til ullvarefabrikken.

Langhelle kom tidleg med i arbeidarrørsla og arbeiderpressa. I 1919 fekk han jobben som redaktør i avisa Nordlands Social-Demokrat. Ei stilling han hadde til 1924 da han vart journalist i Arbeider-Avisen i Trondheim. I 1940 fekk han stillinga som redaktør i etter Ole Øisang avisa, og: "Han ledet etter 9.april avisen på en svært konsekvent måte, slik at den inntok et klart motstandsstandpunkt. Arbeider-Avisa ble derfor stengt i 1941, ..." (Brattberg 1996, s.55). I åra 1922-24 representerte han Det Norske Arbeidarparti (DNA) på Stortinget, og er såleis ein dei mange andelseigarane og bebuarane i TKB som har vore stortingsrepresentantar. Frå 1935 representerte han DNA i bystyret i Trondheim.

Dei første to krigsåra var Langhelle aktiv i motstandsarbeidet og i oktober 1940 trossa han som redaktør i Arbeider-Avisa det tyske forbodet mot å gjere kjent at ordførar Ivar Skjånes var avsett og erstatta med ein ny mann.

I oktober 1942 valde Reichskommissar Joseph Terboven å slå hardt ned på tilløp til sabotasje og motstand i Noreg. Ved hjelp av terror og represalier skulle folket skremjast frå å gjere motstand. Allierte agentar med hjelp av lokale motstandsfolk hadde gjennomført vellukka sabotasjeaksjonar i Nordland og Nord-Trøndelag (Glomfjord kraftanlegg og Fosdalen gruver i Malm) og vore i kamp med tyske soldatar ved Grane/Majavatn, der to tyske soldatar vart drepne. Som ein følgje av dette vart Trondheim valt som arena for det første tiltaket i ein ny avskrekkingspolitikk frå tysk side. Og det var trondheimarar som ikkje hadde vore direkte innblanda i det som hadde skjedd, som vart valde ut som gislar og ofre.

6.oktober 1942 slo Terbhoven til. Aksjonen vart iscenesett på torget i Trondheim, omkransa av Gestapo, politisoldatar og einingar frå Hirden og Wehrmacht. Terbhoven hadde kome med ekstratog til byen og heldt tale på torget der han såg seg nøydd til å: "ta fatt i de store, de som trekker i trådene". Han erklærte deretter unntakstilstand for Trondheim politimeisterdistrikt, dei kringliggande kommunane, heile Nord-Trøndelag og i Grane herred i Nordland. Det vart innført portforbud mellom kl. 20.00 og 05.00, kulturinstitusjonane vart stengde og det vart innført restriksjonar på bruken av offentlege kommunikasjonsmiddel. I ein vedlagt notis til dei to avisene i byen som kom ut vart det gjort kjent at 10 kjende borgarar frå Trondheim eller distriktet var skutt som "sonofre".

To av dei som vart skutt om kvelden 6.oktober 1942 var Harald Langhelle og teatersjef Henry Gleditsch. Inga melding vart gitt til familiane deira og alle eigedelane deira vart konfiskerte. I dagane etterpå vart ytterlegare 24 personar avretta ved standrett på Falstad og desse dagane markerte starten på jødeforfølgingane i distriktet.

Før det første ordinære bystyremøtet 10.august 1945 heldt ordførar Ivar Skjånes sin minnetale over dei fem falne bystyrerepresentantane:

"Deres skjebne ble den hardest mulige, ... De ville ikke gå på akkord med sin samvittighet. De stridde uredd og tappert for det de mente var sannhet og rett. Ytre tvang var for dem likegyldig. Den indre sinnets frihet kunne ingen ta fra dem. Heller døden enn å oppgi den. De har lidd heltedøden. Ære være deres minne!"

 

Kjelder:
Terje Brattberg; Trondheim Byleksikon, Oslo; Kunnskapsforlaget 1996, s.437.

Haakon Odd Christiansen (red,), Trondheim bys historie: Supplementsbind, Trondheim; Trondheim kommune 1973.

Anders Kirkhusmo, "Bind 5: Vekst gjennom krise og krig 1920-1964", i Trondheims historie 997-1997, Oslo; Universitetsforlaget 1997, s.299-301.

Nordlands Framtid, http://nordlandsframtid.no/29/70/80/6.html, 27.juni 2002.