Alfred Olav Trønsdal (1896-1953)
Holbergs gt. 44

Alfred Trønsdal vart fødd i 1896 av foreldra Mikkel og Kristine Trønsdal. Familien budde i hovudhuset i Nedre Møllenberggate 65 (2.høgda). Faren kom frå Rindalen og arbeidde i 1900 som "Pakhusarbeider ved Glasvareforretning". Mora kom frå Hitra. I 1929 søkte han stillinga som forretningsførar i TKB, utan at han fekk denne.

Trønsdal vart valt inn i Bystyret i Trondheim i 1932 for DNA og i mai 1945 vart han oppnemnt av fylkesmannen til å sitte i Det midlertidige kommunestyret. I perioden 1947-50 var han varaordførar i byen. I 1950 gjekk han inn i stillinga som Teknisk rådmann. Når han fekk denne stillinga må det sjåast i lys av røynslene hans frå bustadbygginga i byen. Han fekk ikkje verke lenge i stillinga da han døydde i 1953.

I 1938 vart han, saman med John Aae, oppnemnt som medlem av Byggekomitéen for Folkets hus i Trondheim. Trønsdal var forretningsførar for Arbeidernes Økonomiske Fellesorganisasjon (AØF) frå 1934 til 1950. Kort tid før han døydde i 1953 vart han også formann for AØF etter John Aae. Det var Aae og Trønsdal som i 1952 på vegner av AØF kjøpte Theodor Kittelsens berømte maleri Streik for 12.000 kroner.

Trønsdal var den første formannen i styret til det nyskipa Trondheim og Omegn Bolig- og Byggelag (TOBB) frå desmber 1945. Han vart også leiar for styret i det første burettslaget som TOBB stod for bygginga av 138 bustader på Rosenborg, langs Stadsingeniør Dahls gt. TOBB var ei vidareutvikling av den kooperative bustadbygginga som TKBB hadde gått i spissen for. I TOBB vart dei nye byggeprosjekta omdanna til sjølvstendige burettslag, tilslutta morselskapet. TOBB vart såleis organisert på eit vis som både sikra aktiviteten i byggeselskapet og interessene til bebuarane, noko som TKBB på grunn av dei vanskelege samfunnsforholda i mellomkrigsåra ikkje klarte.

 

Kjelder:

Anders Kirkhusmo, "Bind 5: Vekst gjennom krise og krig 1920-1964", i Trondheims historie 997-1997, Oslo; Universitetsforlaget 1997, s.334 og 378-79.

Haakon Odd Christiansen (red,), Trondheim bys historie: Supplementsbind, Trondheim; Trondheim kommune 1973, s.306.

Knut Wold, Folkets Hus i Trondheim: Historien, http://www.folketshus.no/historie/index.html, 28.juni 2002.