TKB
  • Forsiden
  • Styret og komitéer
  • Vedtekter
  • Dokumenter
  • Historie
  • Kontakt oss
TKB
  • Styret og komitéer
  • Vedtekter
  • Dokumenter
  • Historie
  • Kontakt oss
  1. Hjem
  2. Historie

Historie

Det første spadestikket i bygginga av dei nye husa i Trondhjems Kooperative Boligselskap (TKB) vart tatt 15.juni 1922 klokka 17.00. Sjølv om om selskapet vart skipa i 1921 har denne dagen sidan 10-årsjubileet i 1932 vore utgangspunkt for markeringar i selskapet.

Dei nye andelseigarane og andre interesserte er vitner til det første spadestikket i bygginga av Trondhjems Kooperative Boligselskap 15.juni 1922.
Bygginga av det første bustadkooperativet med utspring i arbeidarrørsla er i gang ...

 

Det handle om å leve ...

Av Øyvind Thomassen

  

Husa

Husa var teikna av den da 22 år gamle nyutdanna arkitekten ved NTH Trygve Olavssøn Klingenberg. I åra 1922-25 vart det bygd 85 bustader i selskapet fordelt på tre avdelingar eller tun.Husa i 1. og 2.avdeling ligg i ein ring kring eit "indre" grønt-/ parsellområde, medan 3.avdeling ligg på rekke med den eine sida ut mot Stadsingeniør Dahls gate og den andre mot eit "indre" grønt- og parkeringsområde. 1. og 2. avdeling var planlagt i tråd med stadsarkitekt Sverre Pedersen sin reguleringsplan for området frå 1919. Selskapet disponerer i alt 27 hus, 16 hus med 4-mannsbustader og 11 med 2-mannsbustader - i alt 86 andeler eller bustader om ein vil. Det kanskje mest spesielle sætrekket ved husa er at alle bustadane har sin eigen inngang. Vi som bur her i dag set pris på dette og at er glade for at ikkje Stadsingeniør Dahls kommentar om at dette var misbruk av areal vart tatt til følgje.Frå skipinga 10.desember 1921 var namnet på selskapet Trondhjems Kooperative Bygge- og Boligselskap (TKBB). Initiativet til selskapet vart tatt av bygningsarbeidarar i byen, Trondhjems Arbeiderparti og Trondhjems Leieboerforening.

I følgje historikaren Anders Kirkhusmo var TKBB eit førebilete for skipinga av Trondheim og Omegn Boligbyggelag (TOBB) i 1945. Den første formannen i TOBB, Alfred Trønsdal, budde i ein av selskapet sine bustader i den første perioden. Trønsdal var også ein av søkarane til stillinga som forretningsførar i selskapet i 1929.

Kooperativ bustadbygging og draumar om det gode liv

Idear og visjonar frå ulike sosiale rørsler på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet kom til uttrykk, eller smelta saman, i skipinga av TKBB. Den første var idéen om kooperativ organisering.Internasjoanlt hadde kooperativ organisering, på norsk også kalla samvirke, ei historie tilbake til byrjinga av 1800-talet og var utvikla av såkalla "utopiske sosialistar". I Noreg hadde kooperativ organisering vorte tatt i bruk sidan midten av 1800-talet. Kooperativ organisering av bustadbyggarar var aktualisert i 1916 av arkitekten og byplanleggaren Harald Hals frå Oslo som skreiv eit hefte om "Byggeselskaper og boligforeninger" og i 1919 av generalsekretæren i NFB som skreiv eit hefte om "Den åpne kooperative spare- og byggeforening".

Det andre idégrunnlaget var bygd på kritikken mot dei dårlege bustadtilhøva for arbeidar- og mellomklassen. I 1919 fekk denne kritikken eit organisert uttrykk ved skipinga av Norsk Forening for Boligreformer (NFB). NFB var formidlar av internasjonale impulsar og visjonar om kva som var gode bustader. Den tredje var visjonen om "Egne Hjem". "Egne Hjem" var ei eiga rørsle i Noreg sidan kring 1900 og bygde på tanken om at arbeidsfolk i staden for å bli tynt på bustadmarknaden gjennom umenneskelege leigevilkår skulle eige sin eigen heim. Det fjerde idegrunnlaget eg har valt å vektlegge er utviklinga av den såkalla "Hagebyidéen" i norsk og internasjonal byplanlegging, som hadde sitt høgdepunkt i 1920-åra. Innanfor denne måten å tenke byutvikling stod bygginga av småhus i idylliske forstader sentralt. Vi ser såleis at TKBB var resultat av mange idestraumingar i perioden knytte til visjonar om "det gode liv", "den gode bustad", "den gode by" og ikkje minst arbeidarrørsla sine visjonar om sosial organisering.

Det første byggeselskapet i Trondheim med føremål å bygge bustadhus var truleg A/S Byggeselskapet av 1917. Bak tiltaket stod Trondhjems Mekaniske Verkstad (TMV) og ei rad representantar frå handelsstanden i byen. I dei fire åra selskapet var aktivt bygde det 44 bustader, mellom dei dobbelthusa i Festningsgata, Alexander Kiellands gt. og Aa. Vinjes gt. 28.juli 1921, knapt eit halvår før TKBB vart skipa, fekk Lærernes byggeselskap kommunal garanti for byggelån til 10 einebustader i Tyholtvegen, og 29.september same året fekk Snekker- og Tømmermennenes Byggeselskap kommunal lånegaranti og nedskrivingsbidrag til eit dobbelthus à 4 bustader og to enkelthus à 2 bustader. Dette er i dag husa i Holbergs gt. 10, 12 of 14, som stod ferdig i 1923. I 1922 hadde dei også ferdig tre hus i Falsens gt. 3, 5 og 5b og i 1924 to hus i Strindvegen 15 og 16. Likeins vart deit gitt lånegaranti og nedskrivingsbidrag til ei rad private byggarar i området Øvre Rosenborg og Tyholtvegen.

Det nye ved skipinga av TKBB i 1921 var at det var eit kooperativt selskap i regi av arbeidarrørsla. Den kooperative bustadbygginga i regi av arbeidarrørsla skilde seg på fleire vis frå tidlegare liknande prosjekt i regi av og for mellomklassegrupper. Den viktigaste skilnaden var at arbeidarinitiativa ofte prøvde å gjennomføre meir kontinuerleg bustadbygging. Dette gav arbeidarselskapa eit mindre lukka preg enn dei tidlegare initiativa i regi av mellomklassen og deira yrkeskooperasjonar.

Bakgrunnen for initiativa til kooperativ bustadbygging i arbeidarrørsla var den økonomiske krisa og arbeidsløysa frå 1920. For store delar av arbeidarklassen var krisa ei kreativ kraft for å utvikle nye løysingar på sosiale problem. Mellom dei som vart ramma hardast av arbeidsløysa var bygningsarbeidarane. Dette var den fremste årsaka til at desse tidleg interesserte seg for praktiske sysselsettingstiltak. Eit tiltak som både ville hjelpe på arbeidsløysa og bustadmangelen var bustadbygging.

Eit tilleggsmoment, som TKBB var ein pioner på, var forsøket på å skipe eigne arbeidarstyrte produksjonsføretak på kooperativt grunnlag. Erling Annaniassen skriv at dette var eit offensivt tiltak og at arbeidarane gjennom produksjonsføretaka ønskja å vise at privatkapitalismen hadde overlevd seg sjølv. Samstundes skulle arbeidarane få opplæring i føretaksleiing og dermed bli førebudd på å overta produksjonen i det sosialistiske samfunnet i framtida.

Bustadreisinga var den viktigaste og mest drøfta saka i Trondheim bystyre under 1.verdskrigen og dei første åra etter. På grunn av store tap vedtok Trondheim bystyre i 1920 å avvikle den kommunale busatdbygginga og i staden gje garantiar til private byggetiltak. Arbeidarpartiet hadde i Bystyret i 1914 gått inn for at det burde byggast større arbeidarbustader enn 1-2 roms. I ei oppmoding om å halde fram bygginga av arbeidarbustader ønskte partiet dels å bygge leiegårder og dels i "frittliggende" hus med hagar. Eventulet kunne også egnehjemhus, "den ideelle boligform for arbeidaren", vere aktuelt. Saka vart arbeidd vidare med av stadsarkitekt Sverre Pedersen som i 1917 fekk gjennom i Bystyret byggeplanen for bustadområdet Lillegården hageby ved Singsaker skole.

 

Skipinga av Trondhjem Kooperative Bygge- og Boligselskap

I 1920 og 1921 vart idéen om eit bygge- og boligselskap tatt opp av bygningsarbeidarane i Trondheim, etter retningslinene nemnt ovanfor. Representantar frå Arbeidarpartiet i byen og Trondheim Leieboerforening deltok i drøftingane og i eit fellesmøte 10.desember 1921 vart Trondhjem Kooperative Bolig- og Byggeselskap (TKBB) skipa. To av initiativtakarane vi kjenner var Johan Marthin Wiggen og Sverre Støstad. TKBB var det første kooperative byggeselskapet i landet med utspring i arbeidarrørsla.

Sverre Støstad - ein av initiativtakarane
til TKBB som sjølv budde i selskapet.

Styret i TKBB var på liknande vis organisert kring ulike utval som hadde ansvaret for finansiering, drift og produksjonen av bustadane. Dette var ei unik organisering i den norske bustadkooperasjonen i samtida. Spesiell var paragraf 22 i lovene som kravde at eit fastsett antal representantar for arbeidarorganisasjonane i byen skulle sitte i styret. Ein liknande kvoteregel galdt også for representantskapet. Bygningsarbeidarforbundet såg selskapet som eit førebilete for ein fellesorganisasjon av bustadprodusentar og bustadforbrukarar. Samanlikna med andre kooperative bustad- og byggeselskap fekk TKBB eit særpreg som hadde årsak i det sosiale utspringet til organisasjonen. Initiativet kom "nedanfrå", frå bygningsarbeidarar som opererte uavhengig av kommunale instansar og bustadreformmiljøet.

Styre og stell dei første åra
Etter kvart vart det i selskapet skipa spesialavdelingar for ulike byggefag med eigen fagleiar i kvar avdeling. Her var det malar-, murar-, snekker- og rørleggaravdelingar samt ein eigen seksjon for betongarbeid. Selskapet produserte dører og vindauge i eigen verkstad. Summen av dette var at bygningsarbeidarane sjølve gjennomførte ei enkel industrialisering av dei ulike elementa i bustadbygginga. Verkstaden til selskapet var truleg i Riangården, Nygata 26/28, på Nedre Bakklandet. Denne garden vart kjøpt av Norges Kooperative Landsforening i 1913 og overtatt av TKBB i 1930. Sjølv om selskapet ikkje tok over garden før i 1930 veit vi at selskapet disponerte garden i 1928 og også truleg tidlegare. At garden vart kjøpt såpass seint i drifta til produksjonsselskapet tyder på at det enno hadde tankar om vidare nybygging. Riangarden vart selt på tvangsauksjon i samband med konkursen i produksjonsselskapet i 1935.

Styret i TKBB 1922:
Foran f.v.: Snekkar E.O. Eklund, malar Peder Johnsen, bestyrar J.M. Wiggen, røleggar og formann Ingemar Iversen, arkitekt T.O. Klingenberg, byggeleiar K.N. Sjøhaug.
2.rekke f.v.: Malarmeister O.H. Hegstad, skomakarmeister Hans Kjennerud, bestyrar O.P. Sæther, murmeister Johan Sjursen, sementarbeidar Bernt Gomo, malar Reidar Forbregd.
3.rekke f.v.: Fagleiar Petter Aune, rekningsbud Paul Eidsaune, snekkar Olaf Digre, malar John Bergvin, betjent Johan Scherlie, sementarbeidar Alfred Antonsen.
4.rekke f.v.: Snekkar Johan Leistad, rørleggarmeister Einar Wold, overkonduktør J. Skaarvold. 

 

Den første formannen i TKBB var rørleggar Ingemar Iversen. Han var eldste son i ein søskenflokk på fem frå husmannsplassen Enget under garden Henning i Sparbu (i dag i Steinkjer kommune).Initiativet til TKBB kom i hovudsak frå fagrørsla og sentrale medlemer i DNA i byen. Det første styret i TKBB i 1922 spegla først og fremst interessa frå fagforeiningane. Sjølv om det berre var den aktive bustadpolitikaren Johan Marthin Wiggen som representerte "politikarane" i styret, kom mange sentrale DNA- og NKP-politkarar til å bli andelseigarar og busette i selskapet.

 

Avviklinga av produksjonskooperasjonen og omorganiseringa til TKB

I lengda var ikkje arbeidarane sitt eige produksjonsinitiativ lett å halde ved like i eit elles kapitalistisk samfunn. I 1924 sysselsette selskapet ein arbeidsstokk på 60-100 mann. Etter kvar melde det seg økonomiske problem. Særskild vart mangelen på driftskapital prekær og det var store overskidingar i kostnadane ved bygginga av 2. avdeling i 1923-24. Vanskane vart forsterka av at selskapet hadde forskottert for byggerrar det påtok seg ansvar for. Bygningsarbeidarforbundet garanterte i 1924 for eit lån, men da hadde selskapet sjølv valt å trappe ned den produsksjonskooperative verksemda. Det vart oppnemnt ein komité som skulle greie ut delinga av verksemda i eitt produksjons- og eitt bustadselskap. Tanken var å unngå at dei økonomiske problema vart velta over på dei som budde i husa.


Frå delinga i to selskap starta, i 1925, hadde det gått omlag tre år sidan selskapet starta bygginga av 1.avdeling. I 1.avdeling stod det i juli 1923 ferdig 10 frittliggande trehus, med i alt 30 bustader på 3 eller 4 rom og kjøkken. I hhv. 1924 og 1925 stod også 2. og 3. avdeling ferdig. I 1925 var det som vi i dag kjenner som TKB komplettert med eit hus Lindemanns gt.1. Totalt var dette 86 bustader. TKBB bygde ytterlegare 5 hus til: Lindemanns gt. 3, 5, 7, 9 og 11, som stod ferdig med 20 bustader i 1927. I 1925 hadde imidlertid TKBB formelt vorte delt i eit bygge- og eit bustadselskap og dei siste husa tilhøyrte såleis byggeselskapet. Da administrasjonen av dei to selskapa vart delt i 1929 fekk bustadselskapet (TKB) tilbod om å overta dei fem siste husa frå byggeselskapet. Denne handelen vart det ikkje noko av fordi TKB vurderte prisen Byggeselskapet sette som for høg. I 1935 gjekk bygge- eller produksjonsselskapet konkurs. I dei 13 åra det hadde verka hadde selskapet bygd 106 bustader. Sjølv om antalet var merkbart i den totale bustadbygginga i byen i perioden, hadde selskapet også i høg grad bidrege til å heve standarden generelt på bustadbygginga for arbeidarklassen.Framlegget om deling av selskapet representerte ei klassisk motseiing mellom produksjons- og forbrukarkooperasjonen i arbeidarrørsla. Framlegget frå komitéen som vart vedteke på årsmøtet i 1925 forsvarte forbrukarinteressene. Selskapet vart riktignok ikkje administrativt delt på dette tidspunktet, men det vart slått fast at selskapet berre skulle bygge for eigne medlemmar samt drive kooperativ bustaddrift. I realiteten innebar dette vedtaket at produksjonskooperativet formelt vart skilt frå bustadkooperativet. Delinga mellom eit bustad- og eit byggesleskap vart fullført ved den administrative delinga i 1929 og selskapet sitt namn vart endra til Trondhjems Koopeative Boligselskap (TKB) - som det også heiter i dag. TKBB eksisterte framleis, utan nokon ny byggeaktivitet, fram til 1935 da det vart slått konkurs. Vi veit at Riangarden var ein del av konkursbuet. Truleg var også 5 hus selskapet eigde i Lindemanns gate i 1929 ein del av konkursbuet.

I årsmeldinga til Bygningsarbeidarforbundet for 1924 vart organiseringa av og programmet til TKBB framheva som "mønstergyldig". Norsk Bygningarbeidarforbund var skipa i 1923 som ei samanslutning av mindre fagorganisasjonar i bygningsbransjen. Da forbundet vart skipa fanst det i mange norske byar "produksjonsforretninger" innanfor nokre av avdelingane. Desse var gjerne drive av ei gruppe medlemer eller med støtte av avdelingane, som t.d. kooperative byggeselskap, handverksbedrifter og entreprenørforrteningar. Bygningsarbeidarforbundet meinte frå starten at produksjonsforretningane måtte kontrollerast av forbundet som ein lekk i arbeidet med å avskaffe "den økonomiske utbytting". Det vart derfor tatt initiativ til å opprette eit såkalla "gjensidig sikringsfond" eller "produksjonsfond". Dei fleste av dei produksjonsverksemdene gjekk likevel dårleg og forbundet vart påført stort og risikabelt økonomisk ansvar. Forbundet hadde t.d. gitt ein garanti til TKBB på 53000 kroner, noko som i 1929 utgjorde halvdelen av garantiansvaret til produksjonsfondet (Ødegård 1950: 274-80)..

I 1933 vart produksjonsfondet og garantianvara avvikla. Fondet sine forpliktingar utgjorde 38000 kroner, fordelt på Tømrernes A/S (Snekker- og Tømmermennenes Byggeselskap) og Lindemannsgatens Boligselskap. Det siste selskapet var restane etter TKBB, som bustadselskapet ikkje ønskte å kjøpe etter den endelege seperasjonen med byggeselskapet i 1929.

I hovudsak var det arbeidarar, handverkarar og tillitsvalde og tilsette i arbeidarorganisasjonane som budde i husa. Trondheim kommune garanterte for opptil 85 prosent av låna og gav nedskrivingsbidrag som dekka 30 prosent av byggekostnadane. Ved oppstarten i 1921 hadde selskapet 30 medlemmar og i 1923 hadde antalet stige til 175. Det var med andre ord langt fleire medlemar enn det var tilgjengelege bustader.

Bustadandelen kosta frå starten 1500 kroner for 3-romsbustadane og 1800 kroner for 4-romsbustadane. I 1925 vart dette justert opp til hhv. 1800 og 2400 kroner. Etter nedtrappinga av den produksjonskooperative verksemda frå 1925 forlangte mange av dei som ikkje hadde fått tildelt bustad bustadandelen tilbakebetalt. Dette medverka til eit stort likvidproblem for laget på slutten av 1920-åra og i byrjinga av 1930-talet.

Det ambisiøse tiltaket det var å skipe TKBB vart ein modell for Samorganisasjonen i Oslo sitt initiativ til å skipe Fagforeningens Kooperative Bolig- og Byggelag (FKBB) i 1924. I motsetnad til TKBB tok Oslo-selskapet aldri opp tanken om å starte eige produksjonsselskap. FKBB avgrensa seg til å ivareta medlemane sine interesser som forbrukarar i form av så timelege bustader som mogeleg.

 

TKB melder seg inn i Norges Kooperative Byggeselskapers Landsforbund

Årsmøtet i TKB i 1930 vedtok å melde selskapet inn i Norges Kooperative Byggeselskapers Landsforbund (NKBL) med verknad frå 1.januar same året. NKBL var skipa i 1920 som ei samling av kooperative spare- og byggeselskap i ein del byar etter initiativ av NFB. I 1931 var det ved sida av TKB tilslutta selskap i Fredrikstad, Sarpsborg, Halden, Ålesund, Bergen og 2 selskap i Oslo. Det einaste året NKBL kravde inn kontigent, i 1931, var denne på 50 øre pr. medlem. Det fremste føremålet til selskapet var frå starten var å drive opplysningsverksemd om busatdspørsmålet, men i lovene frå 1931 var dette redusert til å arbeide for medlemene sine felles interesser og å "øve innflydelse paa boligsakens utvikling." Organisasjonen oppsummerte sjølv at dels på grunn av eigen dårleg økonomi og dels på grunn av dei dårlege vilkåra for kooperativ bustadbygging som følgje av verdskrisa, hadde ikkje tida "været gunstig for agitasjonsarbeidet".

Dette føstre forsøket på å skipe ein landsfemnande koopertaiv bustadorganisering vart aldri noko stort føretak. Det kan sjå ut som om NKBL i røynda fungerte til å knyte bygge- og bustadselskapa til NFB, som elles organiserte berre kommunar og einskildmedlemar. Ved å bruke NKBL nådde NFB såleis også ut til bygge- og bustadselskapa. Dette understrekast av at TKB, som "interessert medlem", i 1929 vart invitert til å delta på den Nordiske kooperative boligkongress i Oslo. Det einaste NKBL-arrangementet vi veit TKB (ved forr.førar Vebjørn Borgen) var representert på var Landsmøtet, trulerg det siste, i 1931.

I følgje Erling Annaniassen (s.128-30) var hovudproblemet for NKBL mykje av det same som for bygge-delen av TKBB. Det såkalla "åpne" byggeselskapet vart i røynda ein "lukka" kooperasjon. Alle kunne bli medlemer, men selskapet bygde bustader berre for eit bestemt antal medlemer. Når desse hadde fått dekka bustadbehovet sitt, fanst det ikkje lenger noko drivkraft for vidare utbygging.

 

Boliguker og TKB 10 år - Jubileum!

TKBB, seinare TKB, var frå starten tufta på ein idé som gjekk langt ut over det å bygge hus eller det å bu i seg sjølv. Det å bygge betre bustader for arbeidsfolk var ein del av arbeidet for å skape eit betre samfunn. Dette medverka både til sterk samkjensle mellom dei som hadde med selskapet og gjere, anten det var dei som budde i bustadane eller det var dei som bygde husa. Vi har sett at for Norsk Forening for Boligreformer var "agitation" for "boligsaken" den fremste oppgåva. TKB dreiv dei første åra liknande aktivitet og i lovene til selskapet stod det at det "Sociale utvalg" oppgåve var: "At planlægge og drive agitation og oplysningsarbeide for samvirke mellem bygningsarbeiderne og forbrukerne (leieboerne), i arbeide for at løse boligspørsmaalet efter sunde principper."

I tråd med denne intensjonen skipa selskapet til to "boliguker" i mars i 1923 og 1924. Båe var i Arbeiderforeningen i Prinsenkrysset. Arrangementet inneheldt utstillingar frå byggebransjen og skal ha vore godt besøkte. Truleg var det dei økonomiske problema utover i 1920-åra og delinga av selskapet som verka til at det utoverretta opplysningsarbeidet opphøyrte og at fokuset vart meir innoverretta. Det skal heller ikkje undervurderast at fundamentale skiljet mellom det "å bygge", som ei kollektiv sak, og det "å bu", som først og fremst er ei privatsak, verka oppløysande for den felles utoverretta verksemda. Sjølv om det utoverretta opplysningsarbeidet opphøyrte har samkjensla for bufellesskapen og drifta av selskapet vore høg gjennom alle år.

I 1932 var det 10 år sidan det første spadestikket vart tatt i Bjørnsons gate 3. I slutten av august 1932 skreiv tidlegare formann i selskapet, Olaf P. Sæther, eit lengre brev til styret der han kom med framegg om, og opplegg for, ein jubileumsfest. Sæther sin idé var ein fest "for store og små" på plena i 1.avdelinga.

Olaf P. Sæther

Sæther vektla at festen ikkje skulle koste noko for selskapet, men at kvar husstand vart oppmoda om å betale 1 krone til innkjøp av lykter og fyverkeri. Fetsen skulle også ha aktivitetar som kaffeslaberas, gramafonmusikk og dans, og "hver husmor tar med sig sin fulde kaffekjel med tilhørende kopper og nødvendige kaffebrød og dækker efter paa de av menderne tidligere medbragte og plasserte rullebord." I tillegg skulle eit "provisorisk telt anbriges ved pladsen, hvorfra selskapets formand ønsker medlemmerne velkommen og redegjør for sammekomstens hensigt ogsaa." Det vart ikkje noko av dette arrangementet, men det er eit godt tidsbilete på korleis ein såg føre seg felles feiring. Seinare har liknande arrangement vorte halden fleire gongar på same staden, seinast i samband med 80-årsjubileet sommaren 2002.

Sjølv om det var for seint på hausten til å rekke å planlegge Sæther sitt opplegg for 10-årsjubileum, vart jubileet markert ved samankomst 22.oktober i lokala til Hjemmenes vel. Generalsekretær Christian Gierløff i Norsk Forening for Boligreformer takka ja på invitasjon til å halde eit "boligkooperativt foredrag". Vi veit ikkje om Gierløff kom til festen, men manuskriptet til prologenfrå festen, halden av Karl Fjellvassli, finst i arkivet til selskapet.

Verdskrise og vanskelege år for bustadselskapet og bebuarane
Sommaren 1929 fekk TKB ny forretningsførar, Vebjørn Borgen. Borgen hadde fungert som rekneskapsførar for laget frå 1926 og fekk jobben i konkurranse med tidlegare formann O.P. Sæther og Alfred Trønsdal. Borgen fekk ein tøff jobb med selskapet sin økonomi dei komande åra.

I ein økonomirapport til styret i TKB i november 1929 konkluderer Borgen med at "... selskapet sin stilling efter min mening er så god at den tillater en nedsettelse av leien igjen, ...". Ein månad tidlegare hadde verda opplevd krakket på New York-børsen, men få her heime ante enno konsekvensane. Noreg hadde på 1920-talet opplevd ei særeigen norsk krise som følgje av Regjeringa sin politikk for skape pari verdi mellom gullreservane i Noregs Bank og pengeverdien. I 1928 hadde dei nådd målet for den såkalla "paripolitikken" og framtidsutsiktene såg lyse ut. Prisen for paripolitikken hadde vore høg, mellom anna arbeidskonflikter, lønsnedgang, arbeidsløyse og deflasjon. Dei som hadde tapt mest var likevel "jappane" etter 1.verdskrigen og dei som hadde investert i eigedom og produktiv verksemd, mellom anna bøndene.

Deflasjonen i 1920-åra ramma TKB ved at avdrag og renter på byggelåna vart dyrare å betale, og var nok medverkande årsak til at TKBB vart delt i eit produksjons- og eit bustadselskap i 1925 og at produksjonsselskapet gjekk konkurs i 1934-35. Trass i dyre byggelån hadde styret og forretningsførarane i TKB styrt selskapet godt dei første åtte åra og i 1930 vart dei to låna i Trondhjems Sparebank og i Arbeidernes Landsbank innfridd.

Den eldste lista som finst over husleigerestansane i selskapet, frå april 1929, viser uteståande husleige på vel 10.000 kroner (ca.20 prosent av selskapet sine årlege husleigeinntekter) var ikkje grunn nok til pessimisme. 43 av selskapet sin 86 bebuarar, mao halvparten, var ikkje ajour med husleiga. Husleiga var i 1929 72 kroner for 3-romsbustadene og 99 kroner for 4-romsbustadene. Truleg var det den vedvarande deflasjonen i norsk økonomi i 1920-åra som gjorde at selskapet kunne kompensere for uteståande husleige ved å utsette nedsetting av husleigene. I praksis førte dette til at dei som var i arbeid og kunne betale husleiga subsidierte dei i selskapet som hadde betalingsvanskar. Frå 1929 og gjennom 1930-åra vart husleiga sett ned fire gongar. I slutten av 1920-åra var det i praksis ikkje lenger nokon som var i stand til å betale innskotet kontant når dei flytta inn i selskapet sine hus og det var vanskeleg å få leigebuarar til selskapet. I 1928 vart det derfor vedtatt at innskotet kunne betalast i avdrag. I 1931 var det heller ikkje lenger mogeleg å leige bort bustadane på dette viset og det vart starta ein praksis med utleige utan innskot men med høgare husleige enn for dei med andel.

Problema melde seg likevel utover i 1930 og vidare utetter i tiåret. Sjølv om mange også tidlegare skulde selskapet husleige vart det enda vanskelegare å få inn husleigene. Mykje av arbeidstida til forretningsføraren gjekk i 1930-åra med til å krevje inn husleige, finne fram til meir eller mindre umogelege individuelle betalingsordningar i samråd med leigebuarane, handtere rettslege krav om utkasting osb. Samstundes stoppa den økonomiske deflasjonen, det utvikla seg generell betalingsvergring i samfunnet og for selskapet auka kostnadane raskt. Det var ikkje mogeleg å kompensere dette ved å auke husleiga fordi få allereie hadde råd til å betale den fullt ut. Gjennom 1930-åra var den samla uteståande husleiga meir eller mindre konstant mellom 8 og 10.000 kroner. Problema vart også forsterka av at det var vanskeleg å finne stabile leigetakarar og at ingen av dei som flytta inn i selskapet hadde råd til å betale andelen/innskotet i selskapet. I tillegg trakk fleire av arbeidarrørsla sine organisasjonar ut andelane sine i selskapet i 1931. Desse organisasjonane hadde frå starten vorte mobilisert for den byggande verksemda og såg nok ikkje lenger seg sjølve som ein naturleg del av bustadselskapet, etter separasjonen frå byggeselskapet i 1929. Konsekvensen av alt dette vart at TKB ikkje kunne oppfylle krava frå kreditorane og også selskapet fekk det vi kan kalle "betalingsvegring".

"Betalingsvegringa" vart innarbeidd i lovene i 1934 ved at dei vart endra slik at ingen andelseigarar som flytta frå selskapet fekk utbetalt meir enn det som kom inn som nye andelar. I praksis innebar dette at mange hadde fordringar på selskapet i årevis etter at dei hadde flytta. Etter gjentatte purringar fekk nokre som dokumenterte vanskelege livssituasjonar utbetalt delbeløp. Desse tilhøva varte ved heilt fram til 2.verdskrigen og den siste fordringssaka vart gjort opp først i 1955. Sjølv om Trondheim kommune godtok denne endringa i lovene er det ikkje sikkert endringa ville stått seg mot ei rettssak. Selskapet er såleis alle desse kreditorane - dei fleste sleit sjølve med den personlege økonomien - ei stor takk skuldig!

Krig, konfiskasjonar og kvinne ved roret
Den tyske invasjonen av Noreg 9.april 1940 kom overraskande på mange. Tyskland hadde sidan tidleg i 1930-åra ført ein aggresiv utanrikspolitikk og frå september 1939 hadde Storbritannia vore i krig med Tyskland. Her heime stod den passifistiske og anti-krigspolitikken sterkt i arbeidarrørsla. Det var brei semje i norsk politikk om å prøve å halde Noreg utanfor krigshandlingane og føre den same nøytralitetspolitkken som under 1.verdskrigen.

Sjølv om norsk nøytralitet vart sett hardt på prøve fram mot krigsutbrotet var norsk politisk ordskifte prega av samfunnsbyggande tema. Dei store politiske og sosiale endringane, som vart driven fram av arbeidarrørsla sine organisasjonar gjennom fleire tiår, fekk eit høgdepunkt ved at DNA kom i Regjering i 1935. Sjølv om Regjeringa Nygårdsvold i åra 1935-40 ikkje har vorte kjent for å føre nokon radikal og samfunnsomformande politikk, tok den ein del initiativ som peikte fram mot oppbygginga av velferdsstaten etter 2.verdskrigen. Døme på dette er ein meir aktiv statleg bustadpolitikk og planar om ein aktiv distriktspolitikk.

I TKB gjekk Vebjørn Borgen av som forretningsførar for selskapet i 1940. I ekstraordinær selskapsforsamling 19.juni dette året fekk han ei "erkjentlighetsgave" for det gode arbeidet han hadde utført for selskapet. I same møtet vart Jørgen Vogt tilsett som forretningsførar. Vogt var aktiv i NKP og hadde året før gått av som redaktør i avisa Ny Tid etter at ho gjekk inn. Han fungerte ikkje lenge i stillinga i selskapet. Jørgen Vogt var aktiv motstandsmann og leiar for den såkalla "Vogt-gruppa". Vel eitt år etter tilsettinga i selskapet, 6.oktober 1941, vart han arrestert og sat på Grini resten av krigen.

Tre dagar etter at Vogt vart arrestert vart kona hans, Pauline Vogt, konstituert av styret i TKB som fungerande forretningsførar. Ho kom til å fungere resten av krigen. Vi veit lite om henne, men vi ser av arkivet til selskapet at ho gjorde ein særs god jobb under desse vanskelege tilhøva. Alle saker vart følgt opp, leigebuarar med restanse vart i tråd med praksisen til Borgen og mannen hennar handsama på ein "klok" måte og ho reduserte restansane ned til nesten ingenting i løpet av krigen. Under krigsåra var det umogeleg å få tak i byggematerialer, så vedlikehaldet av husa i selskapet var det nok dårleg med.

'

Jørgen Vogt
Forr.førar 1940-46


Berre eit større husforbetringstiltak vart sett i gang før stoda vart opplevd som for vanskeleg. I august 1940 valte styret å bruke "sparte" pengar, som følgje av rentenedsetting på låna til selskapet, til å kjøpe "indrevindauge" i staden for å sette ned husleiga, slik det som regel vart gjort når renta gjekk ned. I utgangspunktet vart kvar bustad tildelt "2 fag dobbeltvinduer". Bebuarane kunne plassere desse i kva vindauge dei måtte ønskje. Dei som ønskte kunne i tillegg kjøpe fleire indrevindauge ved å betale 20 kroner pr. fag. Ved utflytting ville selskapet kjøpe desse for same prisen. Her ser vi eit godt døme på korleis selskapet rentefritt "lånte" pengar av bebuarane.Prisdirektoratet innførte i 1940 husleigeregulering og selskapet vart pålagt å sette ned husleiga. Styret tolka dette slik at det ikkje galdt dei som var andelseigarar, berre dei som var vanlege leigetarar utan å ha betalt innskot. I tillegg til tapte leigeinntekter verka inflasjonen under krigsåra til at realverdien av husleigeinntektene vart redusert med omlag 25 prosent. Til saman var dette meir enn tilstrekkeleg for å forstå at Pauline Vogt konsekvent avslo alle søknader om innvendig oppussing.

To andre investeringar vart gjort tidleg i krigsåra. Den eine var montering av "overtrekksventilen 'SPAR'". I følgje leverandøren var fordelen innlysande "når man nu skal fyre med ved og torv". Dette var innstallasjon som skapte betre forbrenning i omnene, og slik den er skildra kan den til forveksling minne om "miljøomnar" slik vi kjenner dei i dag. TKB inngjekk ein avtale med A/S Brenselbyrået om å betale halvparten av kostnaden ved kjøp og montering mot at bebuarane betalte den andre halvdelen.

Den andre investeringa vart selskapet pålagt av styresmaktene.

 

Kjelder:
Arkivet etter Trondhjems Kooperative Boligselskap.

Annaniassen, Erling; Hvor Nr.13 ikke er..., Oslo; Gyldendal Norsk Forlag 1991, s.151-54.

Bratberg, Terje; Trondheim Byleksikon, Oslo; Kunnskapsforlaget 1996, s.437.

Christiansen, Haakon Odd (red,);Trondheim bys historie: Supplementsbind, Trondheim; Trondheim kommune 1973.

Kirkhusmo, Anders; "Bind 5: Vekst gjennom krise og krig 1920-1964", i Trondheims historie 997-1997, Oslo; Universitetsforlaget 1997.

Styret i TKB 1947, Trondhjems Kooperative Boligselskap: 25 årsberetning 1922-1947, Trondheim 1947.

Styret i TKB 1972, Borettslaget Trondhjems Kooperative Boligselskap: 50 års beretning 1922-1972, Trondheim 1972.

Thomassen, Øyvind; Herlege tider: Norsk fysisk planlegging ca.1930-65, Trondheim; NTNU 1997.

Ødegård, Johan; Norsk Bygningsarbeiderforbund 1923-1948, Oslo 1950.

  • OBOS
  • Cookies og personvern
  • Admin
Hjemmeside fra Borettslag.net